torsdag 25. februar 2010

Dag 4, treplanting, gåveoverrekking, Salima technical school og Lake Malawi







Vi besøkte Salima technical school ved Lake Malawi. Ein yrkesfagleg skule for dei som er ferdig med secondary school, og ønskjer å ta ei yrkesretta utdanning. Mykje nytt utstyr, dette får dei gjennom ulike organisasjonar.







Vi fortsette til skulen, for å ta i mot gåve frå Ntchisi Secondary School. Blei vi ikkje fine?




Dagen begynte tidleg for våre elevar. Dei vart invitert av ungdommens bystyre til å plante tre langs vegen inn til Ntchisi. Dette er eit prosjekt for å engasjere ungdom i miljøet rundt seg. Og tre planting er viktig for miljøet rundt i distriktet, då mykje tre har blitt høgd ned, pga dyrking av tobakksplanter

Dans og musikk

Song, musikk og dans er ein stor del av kulturen, og dei brukar det i ulike sosilae samanhengar. Her blir det offisielle programmet på skulen avslutta:




onsdag 24. februar 2010

Dag 4 Ntchisi Secondary School

Våre to elevar delte ut gåve til meddelvane ved skulen. Alle elevane fekk eiga skrivebok og penn. Dette blei tatt godt i mot av alle:






På Ntchisi Secondary School går det rundt 400 elevar pluss/minus, og 21 lærarar. Fordelt på 4 klassetrinn og på 5 klassar(6 klassar). Dvs alt mellom 40 til 90 elevar i kvar klasse. Skuleåret er delt inn i tre terminar, med eksamen i faga etter endt termin. Fag som det blir undersvist i er bl.a chechewa(det lokale språket), engelsk, mattematikk, samfunnsfag, hustellfag.




tirsdag 23. februar 2010

Rundtur i Boma, Ntchisi


Øvelse gjer mester? Trøst for meg, kanksje, her hjelp ikkje kokkeutdanninga mi så mykje. Må no ha meir øving.....


Her prøver Trond seg på Malawisk fastfood: grilla maiskolbe:





Dag 3 første dag av det offisielle besøket

Måndag 14 februar var besøket offisielt begynt. Første post på programmet var møte på DC´s kontor for den formelle presentasjonen, og signering i gjesteboka. Før turen gjekk videre til det nye Ntchisi Assmebley Hall, huset som Førde kommune reiser som ein del av MIC prosjektet. Og vi fekk oss ein rundtur rundt i byen.


Fortsatt dag 2

Etter besøk i dyreparken var det på tide med pannekaker til lunsj. Vi spiste pannekaker med banan, pannakaker med kylling og pannekaker med ost og lauk, pannekaker for einkvar smak:). Etter lunsj blei vi henta av vårt vertskap i Ntchisi og fortsette turen opp til 1507 moh. Det er regntid i Malawi, så det er grønt og frodig, og gode vekstvilkår for frukt og grønsaker. Mange selgjarar og grønsakgboder på vegen. Maisåkrane står tett i tett, med tobakksplanter og soyabønner.
Vel framkommen til Ntchisi blei vi tatt godt i mot av DC Alex, den "moderne" DC. Før vi fekk middag i Ntchisi Excutive Lodge, zima, ris, kylling, chambo(lokal fisk frå Lake Malawi), tomatsaus og ein stuing av salatblad.





Dag 2 Ntchisi, Malawi





Dag 2 begynte med felles frukost, med friske frukt og continental fruksot. Varmen begynte å gjere seg til kjenne allereie tidleg, så vi var spente på kor varm dagen ville bli. Etter frukost var det dyrepark som stod på programmet, med løver, pyton, krokodiller og eit par dyr til.

Ntchisi, Malawi


Då vi ankom flyplassen i Lilongwe, Malawi blei vi møtt av headboy, headgirl, rektor Mr. Baza, foreldrerepresentant, lærarar og representantar frå disriktet. Eit hjartleg gjennsyn med "gamle" kjente som ville sjå oss trygt innlosjert på hotell Kiboko midt sentrum av Lilongwe.



Fredag 12 februar starta ein delegasjon frå Øyrane vgs og Førde kommune si reise til Ntchisi, Malawi. Øyrane vgs drog avgårde med rektor, to elevar og to lærarar. Målet med turen var å besøke venskapsskulen vår Ntchisi Secondary School.