mandag 15. mars 2010

Innlevering arbeidskrav 2 modul 3

Arbeidskrav 2, modul 3 er ein del av IKT utdanninga eg tek gjennomm Høgskulen i Sogn og Fjordane. Eg har oppretta blogg, der eg har blogga litt, både fagleg og litt frå turen eg hadde til Malawi. Eg har og jobba med Netvibes, der eg har samla aktuelle linker som har RSS. Dette er for å kunne vere oppdatert på nyheiter frå aktuelle internett sider eg følgjer/les ofte. I forhold til fagsider knytt opp mot mitt fagområde, opplevde eg at det var få sider som eg kan knytte opp mot Netvibes (Netvibesadressa mi er http://www.netvibes.com/hegeskarvoy)

Eg har kommentert litt på andre sine bloggar, med hovudvekt på gruppa som eg har vore medlemm av, men og på nokre av dei andre:

Laila Marie sin blogg, Kari-Ann sin fagblogg, Kristian sin blogg og BloggMagne

tirsdag 9. mars 2010

Bruk av ressursider på internett

Behovet for gode ressurssider elevane kan nytt seg av aukar etter kvart som elevane blir fortruleg med bruk av pc og Internett, og læremiddel i bokform forsvinn meir og meir. Og behovet for at lærarane veit kva som er gode sider og ikkje, aukar i takt. Og samtidig må elevane lære seg sjølv å vurdere kva som er gode kjelder og ikkje. Innan mitt fagområde, restaurant og matfag, fins det mange gode ressurssider på internett, eksempel er http://www.matprat.no/nyttigomkjott.aspx, http://www.frukt.no/forsiden.aspx og sidene frå dei ulike opplysningskontora innan mat . Desse sidene har fagrelevant stoff frå store, seriøse aktørar innan marknaden vår, men ein har og mindre aktørar, eller interesse organisasjonar som har godt fagstoff.

Eksempel på fagrelatert film henta frå youtube på Internett:



Innan mitt fag opplever ein at mykje informasjon som blir endra, dette kan vere nye råvarer som kjem på marknaden, anbefalingar frå Statens råd for ernæring og fysisk aktivitet eller anna type relevant informasjon. Den enklaste vegen for å finne den type opplysningar er å bruke internett, i og med det er det som blir oppdatert først. Bøker tek det mykje lengre tid å oppdatere. Eksempel er lovverket som er konstant endring. Tidligare hadde elevane bøker med lovane i, men bøkene bli ikkje oppdaterte slik som internettsidene. Vi kunne oppleve at lovane var utgått og vi måtte finne dei på internett i staden, og gjerne lever ut kopi til elevane. No får elevane oppdatert lovverk som høyrer til faget. Slike endringar ved at læreverket kjem på internett, er ei endring som har skjedd over tid og er blitt forsterka av utviklinga av den digitale teknologien. Dette er positivt, då elevane opplever at dei er i eit informasjonssamfunn der tilgjenge på informasjon er stor og stadig i endring, og når dei ønskjer. Men eg opplever at elevane får ulik informasjon alt etter kva nettside dei er på dersom dei ikkje er kritiske nok i henting av informasjon.

Korleis skal vi få elevane til å bli kritiske til informasjonen dei finn på Internett? Er vi som lærarar flinke nok til å vise elevane kva dei skal sjå etter om det er ei god side på Internett?

mandag 8. mars 2010

Grunnleggande kunnskap om ikt er viktig

Både i den generelle læreplana frå R94, og i kompetansemåla frå læreplanane for restaurant og matfag ser ein kompetansemål som tek for seg bruk av IKT på ulike måtar med vektlegging som ein del av dei grunnleggande ferdigheiter. Fram til at vg 1 elevane fekk eigne bærbare pcar, hadde ikt berre ein liten del av undervisninga. Det blei kanksje veldig ressursavhengig og difor variert frå skule til skule.

Då elevane på vg1 skulle få sin eigen bærbar pc, såg eg det som ei stor utfordring, både pedagogisk og med tanke på eiga utvikling. Eg har tidligare hatt klasser med eigne stasjonære tynnklientar disponibel og der få av elevane hadde eigne pc heime med internett tilgong. Utfordringa då var å lage undervisning der eg kunne nytte meg av pc på skulen. Når elevane ikkje hadde pc heime, skapte det ein læringssituasjon med mange utfordringar, spesielt med arbeid som skulle avsluttast som lekse. I byrjinga opplevde eg at mange av elevane hadde mykje fokus på internett på ulike nivå. Bruk av pc som skrivereiskap var heilt nytt for mange. Den gongen hadde og elevane eigne lærebøker. Med eigen bærbar pc har elvane tilgong til pc på skulen og heime, og dei aller fleste har internett tilgong. Det gjer til at ein i større grad nyttar pc til undervisninga. Ein vesentleg forskjell er og at ressursane på nettet har blitt mykje større og betre. No kan eg frigjere meg mykje meir frå lærebøkene i undervisningssituasjon, då internett inneheld mange gode ressurssider ein kan nytte.

Elevane har pr i dag mykje kunnskap om ikt, men dei grunnleggande ferdigheitane ligg kanskje ikkje der vi som lærarar ønskjer det? Eg ser at elvane mine er flinke på alt teknisk, dei er flink til å nytte sosiale mediar, dei er flinke på eindel ulike programvarer som eg ikkje har anining om kva er. Det eg saknar er at dei kan grunnleggande enkle ting, eg opplever det som dei har avansert fort i sin bruk av didgitale mediar, og "hoppa" over enkel grunnleggande kunnskap. Eller er det vi som ikkje har vokse opp i denne digitale verden som er for sein i vår utvikling? Uansett syns eg dei nye kompetansemåla har gjeve oss mange spennande utfordringar og det er for meg, læraren, spennende tider i å følgje med i denne digitale verdnen.

onsdag 3. mars 2010

To land, to skulesystem, motiverte elevar?

Elevar i den norske vidaregåande skulen har i dag har alle tekniske og digitale hjelpemiddel dei kan ønskje seg, men gjer det dei til meir motiverte elevar? Då eg vaks opp og gjekk i den vidaregåande skulen hadde skulen eit datarom med 5 datamaskiner som vi hadde ein til to timar i veka. Visst vi var heldige. Og vi syntest det var kjempe spennande og jobba i herdig med programvaren som vi hadde. Mens skulene i Norge i dag har eit stort utval av datamaskiner og ulike programvarer, inkl Internett. Eg har vore i Malawi to gonger i to ulike byer dei siste tre åra og besøkt to secondary school som ikkje kan måle seg med norske skuler når det gjeld læremiddel. Der hadde dei to skulane mellom 5 og 10 datamaskiner, og er dei heldig verkar dei. Med program som er i alle fall 10 år gamle.

Men kan dei malawiske elevane måle seg med norske elevar? Både ja og nei. Når det gjeld motivasjonen for å lære er nok malawiske elevar betre. Det er ei fare å generalisere slik, for vi har mange motiverte elevar i norsk skule. Elevane i Malawi veit at det er dyrt for foreldra å sende dei på skule,og at dei er den av syskena som er heldig å få denne moglegheita, kanskje ein av dei få frå landsbyen. I Norge har elevane rettar som gjer at alle kan gå på skule i 13 år, denne retten nyttar dei aller fleste seg av. Men dei norske vidaregåande skulane opplever at det er mange som droppar ut av skulen innen av ulike grunnar, gjerne fordi dei er leie av skule eller opplever feilval i fagretning. "Drop out" opplevar dei malawiske skulane og, men det er gjerne pga at foreldrane ikkje kan betale skulepengar og jenter som droppar ut pga graviditet.

Elevane i Malawi går ofte i store klassar med 30 - 90 elevar i klassen. Tre og tre delar ein pult med ein benk, 6-7 elevar på ei lærebok frå 1960-70 talet og er dei heldige så har dei ei notatblokk og ein penn kvar. Dei har ein skulekvardag der læraren har einvegkommunikasjon mot elevane. Du skal vere disiplinert, sitje og høyre på og notere den som kan gjere det. Og tenkjer vi på våre elevar som er i klassar på 12 til 30 elevar, har oppdaterte lærebøker i alle fag, vg1 har eigne bærbarepcar,og ikkje minst skrivebøker og penner så bør dei ha alle føresetnader til å ha ein god skulegong. Og i klasserommet er det engasjerte lærara som ønskjer tovegkommunikasjon, og gir elevane spelerom til å kunne lære gjennom den læringsstrategien som passar den enklete.

Men aukar alle desse hjelpemidla motivasjone til våre elevar? Det er eg ikkje så sikker på, når eg samanliknar det med elevane i Malawi. Det er elevar i Malawi som ikkje er motiverte slik som vi opplever her. Men elevane der veit at dei må jobbe for skuleplassen sin, dei er kunnskaptørstige og veit dei har denne eine sjansen til å kunne vise at dei er verdig sin skuleplass. Dette skapar motivasjon for desse elevane. Men kva skapar motivasjon for våre elevar? Skapar bærbare pcar motivasjon? Korleis hadde våre elevar reagert om vi hadde krevd samme disiplin som i Malawi?

torsdag 25. februar 2010

Dag 4, treplanting, gåveoverrekking, Salima technical school og Lake Malawi







Vi besøkte Salima technical school ved Lake Malawi. Ein yrkesfagleg skule for dei som er ferdig med secondary school, og ønskjer å ta ei yrkesretta utdanning. Mykje nytt utstyr, dette får dei gjennom ulike organisasjonar.







Vi fortsette til skulen, for å ta i mot gåve frå Ntchisi Secondary School. Blei vi ikkje fine?




Dagen begynte tidleg for våre elevar. Dei vart invitert av ungdommens bystyre til å plante tre langs vegen inn til Ntchisi. Dette er eit prosjekt for å engasjere ungdom i miljøet rundt seg. Og tre planting er viktig for miljøet rundt i distriktet, då mykje tre har blitt høgd ned, pga dyrking av tobakksplanter

Dans og musikk

Song, musikk og dans er ein stor del av kulturen, og dei brukar det i ulike sosilae samanhengar. Her blir det offisielle programmet på skulen avslutta:




onsdag 24. februar 2010

Dag 4 Ntchisi Secondary School

Våre to elevar delte ut gåve til meddelvane ved skulen. Alle elevane fekk eiga skrivebok og penn. Dette blei tatt godt i mot av alle:






På Ntchisi Secondary School går det rundt 400 elevar pluss/minus, og 21 lærarar. Fordelt på 4 klassetrinn og på 5 klassar(6 klassar). Dvs alt mellom 40 til 90 elevar i kvar klasse. Skuleåret er delt inn i tre terminar, med eksamen i faga etter endt termin. Fag som det blir undersvist i er bl.a chechewa(det lokale språket), engelsk, mattematikk, samfunnsfag, hustellfag.