Då vi ankom flyplassen i Lilongwe, Malawi blei vi møtt av headboy, headgirl, rektor Mr. Baza, foreldrerepresentant, lærarar og representantar frå disriktet. Eit hjartleg gjennsyn med "gamle" kjente som ville sjå oss trygt innlosjert på hotell Kiboko midt sentrum av Lilongwe.
Fredag 12 februar starta ein delegasjon frå Øyrane vgs og Førde kommune si reise til Ntchisi, Malawi. Øyrane vgs drog avgårde med rektor, to elevar og to lærarar. Målet med turen var å besøke venskapsskulen vår Ntchisi Secondary School.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar