tirsdag 9. mars 2010

Bruk av ressursider på internett

Behovet for gode ressurssider elevane kan nytt seg av aukar etter kvart som elevane blir fortruleg med bruk av pc og Internett, og læremiddel i bokform forsvinn meir og meir. Og behovet for at lærarane veit kva som er gode sider og ikkje, aukar i takt. Og samtidig må elevane lære seg sjølv å vurdere kva som er gode kjelder og ikkje. Innan mitt fagområde, restaurant og matfag, fins det mange gode ressurssider på internett, eksempel er http://www.matprat.no/nyttigomkjott.aspx, http://www.frukt.no/forsiden.aspx og sidene frå dei ulike opplysningskontora innan mat . Desse sidene har fagrelevant stoff frå store, seriøse aktørar innan marknaden vår, men ein har og mindre aktørar, eller interesse organisasjonar som har godt fagstoff.

Eksempel på fagrelatert film henta frå youtube på Internett:



Innan mitt fag opplever ein at mykje informasjon som blir endra, dette kan vere nye råvarer som kjem på marknaden, anbefalingar frå Statens råd for ernæring og fysisk aktivitet eller anna type relevant informasjon. Den enklaste vegen for å finne den type opplysningar er å bruke internett, i og med det er det som blir oppdatert først. Bøker tek det mykje lengre tid å oppdatere. Eksempel er lovverket som er konstant endring. Tidligare hadde elevane bøker med lovane i, men bøkene bli ikkje oppdaterte slik som internettsidene. Vi kunne oppleve at lovane var utgått og vi måtte finne dei på internett i staden, og gjerne lever ut kopi til elevane. No får elevane oppdatert lovverk som høyrer til faget. Slike endringar ved at læreverket kjem på internett, er ei endring som har skjedd over tid og er blitt forsterka av utviklinga av den digitale teknologien. Dette er positivt, då elevane opplever at dei er i eit informasjonssamfunn der tilgjenge på informasjon er stor og stadig i endring, og når dei ønskjer. Men eg opplever at elevane får ulik informasjon alt etter kva nettside dei er på dersom dei ikkje er kritiske nok i henting av informasjon.

Korleis skal vi få elevane til å bli kritiske til informasjonen dei finn på Internett? Er vi som lærarar flinke nok til å vise elevane kva dei skal sjå etter om det er ei god side på Internett?

5 kommentarer:

  1. Flott film om filitering av torsk. Er eining med deg i at når ein brukar nettet får ein meir oppdaterte fagstoff enn kva lærebøkene kan gje. Eg trur også at når vi lagar undervininsopplegg er det viktig at vi legg ved lenker til gode nettsider som vi meinar elevane skal bruke. Blir elevane flinkare til å lage kjeldehenvining til nettsider dei brukar, har vi betre kontroll også.

    SvarSlett
  2. Her var litt å lære privat og.

    SvarSlett
  3. Det er bra, Nina, at eg kan tilføre deg litt kunnskap. Då har eg oppnådd noko ved bruk av blogg:)

    SvarSlett
  4. Slike filmar gjer teorien mykje lettare.
    Heilt supert med ein slik film i forkant av ei prasksisøkt og som ein introduksjon til tema.

    SvarSlett
  5. Filmer fra gode kilder er med å øke elevenes interesse for fag/ene - dette er et media de kjenner godt.Når filmene er fra nettsteder en som lærer vet er gode kilder er det med å gjøre elevene tryggere ved valg av opplysninger til eget arbeid.

    Det er viktig ar vi sjekker ut og gir elevene lenker til gode, sikre kilder der en vet innholdet er korrekt og at det oppdateres gjevlig.

    SvarSlett