mandag 8. mars 2010

Grunnleggande kunnskap om ikt er viktig

Både i den generelle læreplana frå R94, og i kompetansemåla frå læreplanane for restaurant og matfag ser ein kompetansemål som tek for seg bruk av IKT på ulike måtar med vektlegging som ein del av dei grunnleggande ferdigheiter. Fram til at vg 1 elevane fekk eigne bærbare pcar, hadde ikt berre ein liten del av undervisninga. Det blei kanksje veldig ressursavhengig og difor variert frå skule til skule.

Då elevane på vg1 skulle få sin eigen bærbar pc, såg eg det som ei stor utfordring, både pedagogisk og med tanke på eiga utvikling. Eg har tidligare hatt klasser med eigne stasjonære tynnklientar disponibel og der få av elevane hadde eigne pc heime med internett tilgong. Utfordringa då var å lage undervisning der eg kunne nytte meg av pc på skulen. Når elevane ikkje hadde pc heime, skapte det ein læringssituasjon med mange utfordringar, spesielt med arbeid som skulle avsluttast som lekse. I byrjinga opplevde eg at mange av elevane hadde mykje fokus på internett på ulike nivå. Bruk av pc som skrivereiskap var heilt nytt for mange. Den gongen hadde og elevane eigne lærebøker. Med eigen bærbar pc har elvane tilgong til pc på skulen og heime, og dei aller fleste har internett tilgong. Det gjer til at ein i større grad nyttar pc til undervisninga. Ein vesentleg forskjell er og at ressursane på nettet har blitt mykje større og betre. No kan eg frigjere meg mykje meir frå lærebøkene i undervisningssituasjon, då internett inneheld mange gode ressurssider ein kan nytte.

Elevane har pr i dag mykje kunnskap om ikt, men dei grunnleggande ferdigheitane ligg kanskje ikkje der vi som lærarar ønskjer det? Eg ser at elvane mine er flinke på alt teknisk, dei er flink til å nytte sosiale mediar, dei er flinke på eindel ulike programvarer som eg ikkje har anining om kva er. Det eg saknar er at dei kan grunnleggande enkle ting, eg opplever det som dei har avansert fort i sin bruk av didgitale mediar, og "hoppa" over enkel grunnleggande kunnskap. Eller er det vi som ikkje har vokse opp i denne digitale verden som er for sein i vår utvikling? Uansett syns eg dei nye kompetansemåla har gjeve oss mange spennande utfordringar og det er for meg, læraren, spennende tider i å følgje med i denne digitale verdnen.

2 kommentarer:

  1. Bruk av berbar pc til elevane gjev nye utfrodringar i undervisninga. Eg følar at vi prøver og feiler litt mykje i undervisninga. Det gjev nye pedagosiske utfordringar med tanke på korleis ein får god læringsutbytte av undervisninga. Ei anna utfordring er at elevane fort blir freista til å vere på nettsider som ikkje er relevant til det som skjer i klasserommet.

    Elevane er flinkt på nye mediar, men eg er eining med deg i at dei grunnleggande ferdigheitane innan IKT er ofte mangelfulle.

    SvarSlett
  2. Flott innlegg Hege:-)

    Eg må sei mykje har forandra seg i skulen dei siste åra, frå at berre nokon få hadde eigen pc, til at alle elevane har sin eigen pc og internett tilgang.

    Eg gledar meg til å komme tilbake til jobb etter to svangerskapspermisjonar. No har alle elevane sin eigen pc, og eg tenkjer det blir lettare å legge til rette for god undervisning der pc og internett er ein av rammefaktorane. Som du seier, det blir lettare å frigjere seg frå lærebøkene.

    Elevane våre er kjempegode og brukar mykje tid på sosialemediar som facebook, nettby, MSN. Dei er gode på å laste nett musikk og film. Eg ser utfordringa på korleis vi skal få dei til å bruke kreativiteten sin til å bli betre til på grunnleggande kunnskap om IKT og utnytte denne i ein læresituasjon.

    Uansett tykjer eg desse utfordringane er spennande og kunne ikkje tenkje meg tilbake til korleis det var før med nokre få datarom og med tunge papirbunkar.

    SvarSlett