onsdag 3. mars 2010

To land, to skulesystem, motiverte elevar?

Elevar i den norske vidaregåande skulen har i dag har alle tekniske og digitale hjelpemiddel dei kan ønskje seg, men gjer det dei til meir motiverte elevar? Då eg vaks opp og gjekk i den vidaregåande skulen hadde skulen eit datarom med 5 datamaskiner som vi hadde ein til to timar i veka. Visst vi var heldige. Og vi syntest det var kjempe spennande og jobba i herdig med programvaren som vi hadde. Mens skulene i Norge i dag har eit stort utval av datamaskiner og ulike programvarer, inkl Internett. Eg har vore i Malawi to gonger i to ulike byer dei siste tre åra og besøkt to secondary school som ikkje kan måle seg med norske skuler når det gjeld læremiddel. Der hadde dei to skulane mellom 5 og 10 datamaskiner, og er dei heldig verkar dei. Med program som er i alle fall 10 år gamle.

Men kan dei malawiske elevane måle seg med norske elevar? Både ja og nei. Når det gjeld motivasjonen for å lære er nok malawiske elevar betre. Det er ei fare å generalisere slik, for vi har mange motiverte elevar i norsk skule. Elevane i Malawi veit at det er dyrt for foreldra å sende dei på skule,og at dei er den av syskena som er heldig å få denne moglegheita, kanskje ein av dei få frå landsbyen. I Norge har elevane rettar som gjer at alle kan gå på skule i 13 år, denne retten nyttar dei aller fleste seg av. Men dei norske vidaregåande skulane opplever at det er mange som droppar ut av skulen innen av ulike grunnar, gjerne fordi dei er leie av skule eller opplever feilval i fagretning. "Drop out" opplevar dei malawiske skulane og, men det er gjerne pga at foreldrane ikkje kan betale skulepengar og jenter som droppar ut pga graviditet.

Elevane i Malawi går ofte i store klassar med 30 - 90 elevar i klassen. Tre og tre delar ein pult med ein benk, 6-7 elevar på ei lærebok frå 1960-70 talet og er dei heldige så har dei ei notatblokk og ein penn kvar. Dei har ein skulekvardag der læraren har einvegkommunikasjon mot elevane. Du skal vere disiplinert, sitje og høyre på og notere den som kan gjere det. Og tenkjer vi på våre elevar som er i klassar på 12 til 30 elevar, har oppdaterte lærebøker i alle fag, vg1 har eigne bærbarepcar,og ikkje minst skrivebøker og penner så bør dei ha alle føresetnader til å ha ein god skulegong. Og i klasserommet er det engasjerte lærara som ønskjer tovegkommunikasjon, og gir elevane spelerom til å kunne lære gjennom den læringsstrategien som passar den enklete.

Men aukar alle desse hjelpemidla motivasjone til våre elevar? Det er eg ikkje så sikker på, når eg samanliknar det med elevane i Malawi. Det er elevar i Malawi som ikkje er motiverte slik som vi opplever her. Men elevane der veit at dei må jobbe for skuleplassen sin, dei er kunnskaptørstige og veit dei har denne eine sjansen til å kunne vise at dei er verdig sin skuleplass. Dette skapar motivasjon for desse elevane. Men kva skapar motivasjon for våre elevar? Skapar bærbare pcar motivasjon? Korleis hadde våre elevar reagert om vi hadde krevd samme disiplin som i Malawi?

4 kommentarer:

  1. Det må vere spennande å ha opplevd så ulike skulesystem og skulekvardagar på nært hald! Flott å lese om i bloggen din Hege!

    Eg har ikkje noko enkelt og godt svar på kva som motiverer elevane våre. Elevane er ulike og faga er ulike.

    Eg trur ikkje ein berbar pc er nok til å motivere elevane aleine. Men eg trur ein berbarpc kan lette skulekvardagen for mange, og gi rom og moglegheit for ikkje-fagleg aktivitet hos andre.

    Eg meiner bestemt vi kan stille strengare krav til elevane våre når det gjeld aktivitet rundt pcen i timane, men og når det gjeld frammøte og innstillinga deira til skulearbeidet. Å stille samme krav som til elevane i Malawi vil vere urimeleg, til det er forholda for ulike, meiner eg.

    Kvifor går dei på skule? Kva målsetjing har dei? Det trur eg er viktig å samtale med elevane om, uansett om motivasjonen er tilstades eller ikkje.

    SvarSlett
  2. Det er intresangt det du har tatt opp i din blogg. Kvardagen er svært ulike for elev og lærar i Malawi og Noreg. Rammefaktorane er svært ulike, det har du fått litt innblikk i.

    Indre motivasjon er viktig skal ein lære noko. Dette er viktig opp mot kva ein vil med sitt liv og val av yrke.
    Kansje vi i Noreg har det for godt og tar ting som sjølvsakt.

    SvarSlett
  3. Å få oppleve to ulike skulesystem, eit som eg sjølv står i og eit som eg har fått godt innblikk i gjennom to besøk, gjer at eg meinar vi er heldige, og elevane våre er heldige. Eg er einig med at den indre mottivasjonen er viktig for elevane, pc eller ikkje. Og etter mi meining trur eg det er bra vi har det moglegheita at vi kan nytte den utviklinga innan teknologien som skjer, enn å ikkje ha denne moglegheita. Når eg tenkjer på kva elevane våre kan prestere på skulen ved bruk av pc og teknologi, er dei med på å gjere kvardagen vår spennande, gjennom bilete, tekst og film. Eg er einig med deg, Jill, vi kan stille strengare krav til elevane våre, men ikkje så strengt at dei missar motivasjonen. Skulesystemet i Malawi er bygd opp på andre prinsipp, men dei er på god veg framover. Og motivasjonen blant elevane der er bygd opp på andre livsverdiar enn vi har her. Men det betyr ikkje at dei er betre på å lære eller tilegne seg kunnskapen enn våre elevar. Der trur eg faktisk våre elevar har mykje betre fortrinn enn dei.

    SvarSlett
  4. Det er lærerikt for oss også å høre om det dere har opplevd i Malawi. Det er viktige spørsmål du stiller, Hege. Svaret er ikke så enkelt. Lurer på om vi alle får del i det de to eleven erfarte som var med dere.
    Når det gjelder våre elever og læring vil jeg gjerne at de skal få den læringen som vi har fått del i på Ikt-utdanningen, der det å produsere selv er essentielt. At de skal få bruke nettet i den "del og bruk-kulturen" som kan være utrolig lærerikt.
    Uten å kjenne noe til det som Hege deler med oss, tror jeg nok at kunnskapsnivået generelt hos norsk ungdom er godt og at de er gode på læring. Men, de må nok holdes litt i ørene både av lærerne og foreldrene. Mange er godt vant til å bli underholdt uten å måtte anstrenge seg så mye selv!(min påstand)
    Men, heldigvis, vi har et demokrati her som ikke alle land har, der skolesystemet slett ikke er så autoritært,vi vil heller ikke tilbake til en tid der lærerne var allmektige. Vi vet alt for godt hvor mye lidelse det førte med seg for de som ikke falt i smak hos læreren eller som tilhørte feil sosial klasse.

    SvarSlett